Miriam Aareskjold og Trude Enge i NAV Etne-Vindafjord fungerer som eit bindeledd mellom utleigarar og flyktningar.
Miriam Aareskjold og Trude Enge i NAV Etne-Vindafjord er del av integreringstenesta i dei to kommunane. Integreringstenesta opplever førebels god tilgang på bustadar i Vindafjord, men kapasiteten i enkelte einingar er pressa.

Nesten alle bygdene i bruk

Vindafjord busette rekordmange 105 flyktningar i 2024. Etter sterke lokale ønskje fekk Vikebygd og Bjoa ta del i fjorårets mottak.

Publisert Sist oppdatert

— Me hadde bustadar som var klare. I tillegg har grendautval og bygdelag vist stor interesse for å ta imot i desse to bygdene. Det gjer det litt lettare, seier leiar Miriam Aareskjold i integreringstenesta i NAV Etne-Vindafjord.

Eit fleirtal i kommunestyret vedtok i februar at det skulle busettast 105 flyktningar i Vindafjord i 2024, i tråd med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) si oppmoding. Ein integreringsrapport for tredje tertial viser at kommunen nådde dette talet nøyaktig, ved at 104 flyktningar blei busette, medan ein kom gjennom familiesameining.

Alle flyktningane som blei busette i Vindafjord i 2024, er ukrainarar. Familiesameiningar kjem utanom.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS