Bokmålsordboka og Nynorskordboka har vore gjennom ein omfattande revisjon. 100.000 ord og uttrykk frå A til Å er gjennomgått.
– Tradisjonsrike Bokmålsordboka og Nynorskordboka har fått seg eit skikkeleg og etterlengta løft, seier Margunn Rauset, som har leidd redaksjonen på sju personar i Revisjonsprosjektet, i ei pressemelding.
Ordbøkene har no mellom anna fått nytt og oppdatert innhald og ei ny nettside på ordbøkene.no. Bokmålsordboka har vakse frå 65.000 til 100.000 oppslagsord og Nynorskordboka frå 90.000 til 100.000. Ordbøkene.no har i snitt 160.000 søk i døgnet, og blir brukte av skuleelevar, skribentar og alle som er opptekne av eit godt og levande norsk språk.
Revisjonsprosjektet er avslutta, men Universitetet i Bergen vil halde fram med å halde ordbøkene oppdaterte og aktuelle i tida som kjem.
(©NPK)