Næringsorganisasjonen Hanen, som representerer nær 100 norske sider- og fruktvinprodusentar, rapporterer om betydeleg vekst i salet av norsk drikke i fjor.
Ifølgje dei ferske salstala frå Vinmonopolet, er norsk drikke ein klar vekstvinnar i ein elles fallande marknad. Norsk sider har hatt ein vekst på 8 prosent, medan norsk fruktvin, spesielt issider, har opplevd endå større framgang.
Dagleg leiar i Hanen, Bernt Bucher Johannessen, er stolt over utviklinga.
– Norsk drikke på norske råvarer er blitt viktig for norsk fruktproduksjon og for norsk landbruk, ikkje minst på Vestlandet, seier han i ei pressemelding.
Norsk sider og fruktvin nærmar seg ein omsetnad på 100 millionar kroner på Vinmonopolet. Blant fruktvinane er issider ein særleg vekstvinnar, med eit sal på over 11.000 liter i 2024, ein auke på over 20 prosent frå året før.
Blant høgdepunkta i 2024 er:
* Vekstvinnar på sider: Sølvsider frå Apal sideri i Ryfylke med ein vekst på 45 prosent.
* Mestseljande siderprodukt: Humlepung Rosé frå Aga sideri ved Sørfjorden i Hardanger med nesten 60.000 liter.
* Største produsent av norsk sider: Aga sideri med nesten 130.000 liter, etterfølgt av Alde, også ved Sørfjorden, med cirka 60.000 liter.
* Mestseljande issider: Edel issider frå Åkre gard ved Sørfjorden med over 3000 liter, medan Kvestads issider i same distrikt er vekstvinnaren med ein vekst på nesten 200 prosent.
* Mestseljande norske alkoholfrie merke: Balholm i Balestrand i Sogn med Sprudlende Margaret.
* Vekstvinnar innan norsk alkoholfritt: Gardsbrenneriets Frisider Eple på Sandane i Nordfjord som har dobla salet.
Den sterke veksten innan norsk alkoholfritt held fram, med ein auke på over 15 prosent. Utvalet av både alkoholhaldige og alkoholfrie norske produkt veks, noko som styrkar norsk drikkeindustri ytterlegare.
(©NPK)