Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna seier at ho er glad, men ikkje overraska over at lagmannsretten gir staten medhald i innleigesaka.
Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Nytt innleigenederlag for bemanningsselskap
Borgarting lagmannsrett gir staten medhald etter at 16 bemanningsselskap gjekk til retten fordi dei meiner at dei nye innleigereglane strir mot EØS-avtalen.
– Slik lagmannsretten ser det, påverkar dei omstridde reglane ikkje tilgangen til arbeidsmarknaden for arbeidstakarar. Arbeidstakarar frå andre EØS-statar kan på same måte som før ta arbeid i Noreg, skriv Borgarting lagmannsrett i den einstemmige dommen.
I april 2023 stramma regjeringa inn reglane for innleigd arbeidskraft, som mellom anna innebar eit forbod mot innleige av arbeidstakarar frå vikarbyrå for å utføre mellombels arbeid.
I juni same året gjekk 30 bemanningsbyrå til sak for å få ein stans i innføringa av restriksjonane på innleige i ei mellombels åtgjerd, fordi dei meinte at det ville bryte med EØS-reglane om rørslefridom for arbeidstakarar.
– Ikkje restriksjon på fridommen