20 til 40 prosent av skulane slit med å få tak i lærarar med rett kompetansen, viser ein ny rapport. Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
20 til 40 prosent av skulane slit med å få tak i lærarar med rett kompetansen, viser ein ny rapport. Illustrasjonsfoto: Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Rapport: Små skular slit med å finne kompetente lærarar

Ei kartlegging viser at 20 til 40 prosent av skulane slit med å få tak i lærarar med rett kompetanse. Det er verst for dei minste skulane, i distrikta og på dei lågaste trinna.

– Det er færre lærarstudentar som no vel fag som kunst og handverk, mat og helse, og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE), seier Merete Helle til Forsking.no. Ho jobbar i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og er ein av forfattarane bak ein ny rapport.

Ho fortel også at få nyutdanna lærarar har undervisingskompetanse i språkfag som fransk, tysk og spansk, seier ho.

I tillegg har nyutdanna lærarar færre fag å undervise i enn før, medan små skular treng lærarar som kan undervise i fleire fag.

– Sidan utdanninga som grunnskulelærar vart femårig i 2017, har fleire valt å spesialisere seg i dei store skulefaga, legg ho til.

Sidan mange lærarstudentar spesialiserer seg i norsk, matematikk, samfunnsfag, kroppsøving og engelsk, blir det vanskeleg for skulane å dekkje behovet i andre fag.

(©NPK)