Fredag klokka 11.45 legg regjeringa fram proposisjonen sin til ny eigedomsmeklingslov.
Ifølgje Dagens Næringsliv, som har fått stadfesta hovudpunkta frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), inneber lovforslaget mellom anna endra reglar for bodgiving i bustadmarknaden, skjerpa krav til eigedomsmeklarar og større sanksjonsmoglegheiter for Finanstilsynet.
– Bustadkjøp er den største privatøkonomiske avgjerda dei fleste av oss gjer gjennom livet. Desse lovendringane vil føre til større tryggleik, meir openheit og gjere bodrundar meir rettferdig, seier Vedum til avisa.
For bustadkjøparar og -seljarar er det dei nye bodreglane som får størst praktisk betydning. Regjeringa foreslår her tre hovudendringar:
* forbod mot formidling av hemmelege bod
* eit mogleg minstekrav på 30 minutt for akseptfristen
* nye tiltak mot «kupping», altså direktebod til seljar som omgår den opne bodrunden
Lovforslaget speglar i stor grad tilrådingane frå eit regjeringsoppnemnt utval som leverte innstillinga si til dåverande finansminister Jan Tore Sanner (H) i 2021.
(©NPK)