Fredag legg regjeringa fram totalberedskapsmeldinga
, som beskriv korleis Noreg skal rustast for krig og kriser. Her får norsk matproduksjon ein sentral plass, skriv Nationen.
– Utan mat klarer vi ikkje å løyse alle dei oppgåvene vi må løyse i ei krise eller krig. Det er absolutt ikkje noko vi kan ta for gitt, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) til avisa.
Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) seier Noreg også må ta høgd for at handel på tvers av landegrenser kan stoppe ved kriser og krig.
Han understrekar at ein avgjerande faktor for å styrkje matberedskapen i Noreg, er eit spreidd landbruk i heile landet og auka sjølvforsyning. Vidare er beredskapslagring for korn også viktig i meldinga, røper dei to statsrådane. No opnar regjeringa også for å sjå på lagring i eit større perspektiv:
– I meldinga tek vi til orde for at vi skal ha beredskapslagring av andre ting som er viktig for forsyningstryggleiken. Dette kan dreie seg om reservedelar til landbruksutstyr eller sprøytemiddel, seier landbruksministeren.
Innan 2029 er planen at beredskapslageret for korn skal vere tilsvarande tre månaders forbruk av matkveite.
(©NPK)