Tone Kroken og Benedicte Wessel-Holst frå podkasten Interiørrådet». Torsdag kjem dei til Etne.
Foto: Yvonne Wilhelmsen
Kulturveke 4
Sjå kva som skjer: Kultur- og fritidsveke 4
Det skjer mykje på kultur- og fritidsfronten i Grannar-distriktet i veka me har framfor oss. Eit høgdepunkt for mange blir truleg besøket av podkasten Interiørrådet» på Skakke. Språkguru og tv-kjendis Gunnstein Akselberg sitt besøk til Frukost ved fjorden» blir nok også populært.
Sjå heile oversikta oversikta over kva som skjer denne veka, basert på Det skjer i Grannar-distriktet» nedst i saka.Interiør på Skakke
Tone Kroken og Benedicte Wessel-Holst står bak podkasten som har vorte ein favoritt blant mange av dei som søkjer tips og råd om heim og oppussing. Torsdag klokka 19 kjem dei til Skakke med showet Ein kveld med Interiørrådet».
Saman er dei to podkaststjernene velkjende stemmer i interiørbransjen, med ein lidenskap for alt som er vakkert, praktisk, budsjettvenleg og personleg. Når dei no går på scena for ein heilkveld, er det med gode råd, levande diskusjonar og ei unik moglegheit for publikum til å få svar på eigne interiørspørsmål, rett frå scena.