Espen Molnes Lauareid har fått jobb i Helgevold Elektro der snart er ferdig med læretida. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Espen Molnes Lauareid har fått jobb i Helgevold Elektro der snart er ferdig med læretida.
Espen Molnes Lauareid trivst godt som elektrikar.Foto: Irene Mæland Harldsen
Espen Molnes Lauareid trivst godt som elektrikar.
Lærlingansvarleg i Helgevold Elektro, Evelyn Vedholm Heggen.Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Lærlingansvarleg i Helgevold Elektro, Evelyn Vedholm Heggen.

Yrke og utdanning

Frå lærling til fast jobb

Fagprøven som elektrikar er alt i boks og om ein knapp månad avsluttar han læretida som elektrikarlærling ved Helgevold Elektro. Nå ventar ei fast stilling for 20 år gamle Espen Molnes Lauareid i bedrifta der han har hatt læretida si.

Publisert Sist oppdatert

— Eg tok fagprøven i desember og den gjekk bra. Nå har eg fått arbeidskontrakt, seier Espen Molnes Lauareid frå Skånevik godt nøgd over å ha sikra seg jobb i bedrifta han har hatt som læreplass i 2,5 år.

— Eg vil anbefala Helgevold som lærebedrift. Eg har jobba med ein kjekk gjeng, og her får eg opplæring i det eg treng ekstra opplæring i, seier han.

Utdanning til elektrikar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring med to år skule og 2,5 år som lærling i bedrift i elektrikarfaget. 20-åringen frå Skånevik visste tidleg at han ville satsa på ei utdanning innan faget og etter ungdomsskulen søkte han seg til Ølen vidaregåande skule der han gjekk to år på elektro. Så bar det av garde til elektroentreprenøren i Sandeid og 2,5 år som lærling.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS