I Oslo har ikkje politiet meldt om nokon alvorlege skadar knytt til fyrverkeri. Oslo kommune markerte det nye året med eit laser-lysshow frå rådhuset, nyttårsaftan 2024 til 2025. Det blei ei ganske lokal oppleving. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
I Oslo har ikkje politiet meldt om nokon alvorlege skadar knytt til fyrverkeri. Oslo kommune markerte det nye året med eit laser-lysshow frå rådhuset, nyttårsaftan 2024 til 2025. Det blei ei ganske lokal oppleving. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Tenåringsgut alvorleg skadd i fyrverkeriulykke i Ålesund

Det har ifølgje politiet vore få alvorlege fyrverkerisaker denne nyttårshelga, men i Ålesund fekk ein tenåringsgut ein alvorleg skade i handa.

– Dette skjedde i Tennfjord i Ålesund kommune. To tenåringsgutar er skadde. Ein av dei fekk behandling på legevakta. Den andre vart først send til sjukehuset i Ålesund, men er seinare send vidare, kanskje til Haukeland i Bergen, fortel operasjonsleiar Eivind Klokkersund i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

– Guten er ikkje livstruande skadd, men skaden i handa blir omtalt som alvorleg, seier han.

Elles har det vore ei relativt roleg natt i fylket, og politiet har ingen i arresten onsdag morgon.

I Oslo har ikkje politiet meldt om nokon alvorlege skadar knytt til bruk av fyrverkeri, men ein brann på Lambertseter skule kjem truleg av at nokon har fyrt av ein rakett inn i ventilasjonsanlegget på skulen.

Travelt, men ikkje alvorleg

Politiet i Troms har ikkje fått melding om nokon personar som var skadde i fyrverkeriulykker natt til onsdag.

– Det har vore ein del uvettig bruk, men vi har ikkje kjennskap til skadde. Det hender folk blir sende til legevakta utan at vi blir involverte, seier operasjonsleiar Eirik Kileng i Troms politidistrikt til NTB.

Det same fortel Aust politidistrikt:

– Som forventa var det hektisk i heile distriktet. Vi har hatt eit tjuetals førespurnader om uvettig fyrverkeribruk, men ikkje fått melding om personskadar, seier operasjonsleiar Terje Nordang.

Heller ikkje i Vest politidistrikt har dei hatt nokon alvorlege fyrverkerisaker i natt, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker.

Mange oppdrag i Vestland

– Det har vore ei travel natt til første nyttårsdag for politiet og vi har hatt 55 oppdrag som omhandlar ordensforstyrringar, støy, slagsmål og vald frå midnatt og fram til cirka klokka 5.30. Det har ikkje vore nokon alvorlege personskadar knytt til desse hendingane. Det har heller ikkje vore nokon alvorlege hendingar knytt til bruk av fyrverkeri på offentlege stader, seier han.

I Agder har politiet fått melding om éi fyrverkerihending som kravde behandling på legevakta.

– Dette skjedde i Grimstad. Berre lettare skader. Elles har det ikkje vore nokon alvorlege hendingar i distriktet vårt i natt som vi har fått beskjed, seier operasjonsleiar Frode Vang til NTB.

(©NPK)