Regjeringa vil auke bøtene for trafikklovbrot ytterlegare, men politiet meiner satsane er høge nok som dei er. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Regjeringa vil auke bøtene for trafikklovbrot ytterlegare, men politiet meiner satsane er høge nok som dei er.

Trafikkbøtene skal opp igjen – mot politiet sin vilje

Bøtene for trafikklovbrot bør aukast igjen, meiner regjeringa. Men politiet er usamd og meiner satsane er høge nok som dei er.

Publisert Sist oppdatert

– Vi meiner satsane er såpass høge no at det ikkje er nødvendig å auke satsane for å halde oppe den preventive eller avskrekkande effekten på bøtene. Derfor er vi imot dette forslaget, seier fagdirektør Runar Karlsen i Politidirektoratet til NRK.

I 2023 vart bøtesatsane auka med 30 prosent, og i fjor auka dei i tråd med prisveksten, rundt 5 prosent. Også i år ønskjer regjeringa å auke satsane for å halde tritt med prisveksten.

Også sjef for Utrykkingspolitiet (UP) er imot auken.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS