– Det betyr at vi skal ta ei aktiv rolle for å leggje til rette for at biblioteka i fylket skal bli meir demensvenlege. Slik støttar vi opp under hovudmålet i den regionale planen for kultur, som er at alle skal kunne delta, oppleve og skape, seier fylkesordførar Jon Askeland til fylkeskommunen sin nettstad.
Eit demensvenleg bibliotek er eit bibliotek der dei tilsette har fått opplæring i målgruppa sine behov, korleis møte dei på ein god måte, formidling og fysisk tilrettelegging av lokale.
(©NPK)