Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

268 kyrkjebryllaup på valentinsdagen

268 par gifta seg i Den norske kyrkja fredag, på sjølve valentinsdagen. Det er ei firedobling frå fjoråret.

På topp låg ikkje overraskande Noregs mest folkesette fylke, Akershus, med heile 57 par, viser statistikken frå Den norske kyrkja.

Totalt var det 68 kyrkjelydar over heile landet som inviterte til drop-in-bryllaup på alle hjarters dag.

– Det er fantastisk at så mange vil komme når kyrkja opnar dørene og inviterer til feiring av kjærleiken. Drop-in-bryllaup er ein litt enklare måte å gifte seg på, men som har det aller viktigaste i fokus, nemleg løfta mellom to menneske og Guds velsigning over ekteskapet deira, seier leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad.

(©NPK)