Regjeringa foreslår at alle skal få fastpris på straum til 40 øre kilowattimen. Men den faktiske prisen straumkundane må betale, er høgare.
Det stadfestar energiminister Terje Aasland (Ap) overfor Nettavisen. Prisen på 40 øre er utan meirverdiavgifta på 25 prosent, som kjem på toppen.
Det betyr at den faktiske prisen for forbrukarane er 50 øre, ikkje 40 øre. På direkte spørsmål om kvifor ikkje den faktiske prisen vart oppgitt då Ap-toppane la fram forslaget fredag, svarer Aasland:
– Det handlar om at når vi har snakka om det, så er det den prisen som vi meiner går ut, og så er det moms på det. Vi har heller ikkje lagt skjul på at det ikkje er moms på det, seier Aasland til Nettavisen.
Sjølv om den faktiske prisen er høgare enn talet som vart oppgitt på pressekonferansen fredag, kan mange hushald potensielt spare mykje pengar på ordninga.
Den såkalla «Noregsprisen» er eit alternativ til den gamle straumstøtteordninga, der staten dekkjer 90 prosent av kostnadene i enkelttimar der spotprisane er høgare enn 75 øre/kWh
Ifølgje VGs
utrekningar kan ein einebustad i Sør-Noreg spare opptil 5900 kroner årleg på forslaget til fastpris på straum. Den nye fastprisordninga vil også gjelde for hytter, noko som kan gi innsparingar for hytteeigarar. Hytter er ikkje omfatta av dagens straumstøtte.
I Nord-Noreg har straumprisen vore låg nok til at fastprisen ikkje ville lønt seg der dei siste åra.
(©NPK)