Foto: Arne Sigurd Haugen / NPK

Arbeidstilsynet oppmodar til betre beredskap etter dødsfall i lukka fiskemerdar

Arbeidstilsynet åtvarar om at dykking i lukka fiskemerdar krev ekstra vurdering av tryggleik.

Publisert Sist oppdatert

Seksjonsleiar Rosmari Johnsen i Arbeidstilsynet understrekar at slik dykking bør unngåast der det er mogleg, og at tilstrekkeleg bemanning er avgjerande i nødsituasjonar.

– Vi i Arbeidstilsynet erfarer at svært mange vel det absolutte minstekravet, utan å vurdere kva som reelt er forsvarleg bemanning. Det er berre i heilt enkle dykkeoperasjonar at minimumsbemanning på fire personar er tilstrekkeleg, seier Johnsen.

Hausten 2024 mista ein ung mann livet under arbeidsdykking i ei lukka merd. Arbeidstilsynet peikar på at manglande beredskap ofte er ei sentral årsak til ulykker i dykking. Dei oppmodar både dykkeverksemd og oppdragsgjevarar til å ta på alvor ansvaret sitt for å betre tryggleiken ved arbeidsdykking.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS