– To personar vart funne hardt skadde i uinnreidd kjellar. Begge er overlatne til helse. Ein person er no erklært død på staden. Den andre personen er frakta til Haukeland sjukehus med ukjend skadegrad, opplyser Vest politidistrikt klokka 3.15.
Politiet opplyser at det er ein mann og ei kvinne som vart funnen i kjellaren. Mannen, som er i 30-åra, er busett på adressa. Han er erklært død.
Overfor NTB stadfestar politiet at pårørande til den døde er varsla.
Politiet melde om brannen klokka 0.45 fredag. Då nødetatane kom til staden, vart det ikkje meldt om opne flammar på utsida, men mykje røyk i vindauga.
– Dette er ein tomannsbustad, og det har brunne i ei av leilegheitene, som no er å rekne som totalskadd, seier operasjonsleiar Helge Blindheim i Vest politidistrikt til NTB.
Personen som bur i den andre leilegheita, vart evakuert og er uskadd.
Klokka 1.23 vart det meldt at røykdykkarar frå brannvesenet søkte gjennom bustaden. Kort tid seinare vart det rapportert at det ikkje var gjort funn.
To og ein halv time seinare vart det meldt at dei to var funne i kjellaren.
– Dei vart funne klokka 2.43, seier operasjonsleiaren til Bergens Tidende.
– Det verkar ikkje som ein stad der folk oppheld seg. Då brannvesenet søkte gjennom huset, var dei merksame på blindkjellaren. Dei såg inn og vurderte det slik at dei retta innsatsen mot første og andre etasje, seier Blindheim til avisa.
Ifølgje 110-sentralen Vest vart brannen meld sløkt klokka 3.53.
(©NPK)