Pensjonistforbundet krev at ein statssekretær ved Statsministerens kontor får eit heilskapleg og koordinerande ansvar for eldrepolitikken, som no er fordelt på minst seks ulike departement og fleire etatar og direktorat. Foto: Johnny Syversen/ Pensjonistforbundet

Eldrepolitikk: – Regjeringa treng ein koordinator

Når regjeringskabalen no skal leggjast på nytt, krev Pensjonistforbundet at ein statssekretær får det heilskaplege og koordinerande ansvaret for eldrepolitikken i landet.

– Skal vi få til eit inkluderande og aldersvennleg samfunn, må regjeringa sørgje for ein heilskapleg og koordinert innsats, seier leiar av Pensjonistforbundet Jan Davidsen i ei pressemelding.

Det er no over ein million alderspensjonistar i landet, og det blir stadig fleire.

– Slik det er organisert no, er alt som har med eldre å gjere fordelt på minst seks departement, og fleire underliggjande direktorat og etatar. Alle desse har ein finger med i Bu trygt heime-reforma, som handlar om korleis eldre skal bu og leve. For å få denne reforma til å fungere, meiner vi det er avgjerande å ha ein betre overordna koordinering, understrekar Davidsen.

(©NPK)