Fekk innblikk i livet til statsministeren frå Vikedal
Rundt 40 personar møtte til lansering av boka om statsministeren frå Vikedal som blei dømd for landssvik etter andre verdskrig.
Laurdag var det duka for boklansering på Vikedal Bygdehus. Forfattar Thor Geir Harestad, som saman med Torvild Sveen, står bak boka Jens Hundseid: Den bortgjemte statsministeren», hadde tatt turen til bygdahuset for å fortelja om livet til vikedalsbuen. Frå han vaks opp på fjellgarden Hundseid og til han enda opp som startsmister og seinare NS-medlem med ein dom for landssvik etter krigen. Jens Hundseid var fødd 1883 og gjekk bort i 1965.
Harestad starta føredraget med å fortelja om unge Hundseid som hadde ord på seg for å vera ein svært skuleflink gut. Han tok utdanning på landbruksskule, skogskule og landbrukshøgskule med dei beste karakterar og fekk seg jobb på ulike landbruksskular. Han var lærar, rektor, redaktør og fylkesmann. Interessa for politikk førte han til nestleiar- og leiarverv i Bondepartiet og i 1924 kom han inn på Stortinget.
— Han blei leiar i Bondepartiet i 1929 og statsminister i 1932. Han gjekk av 11 månader seinare, fortalde Harestad og karakteriserer Hundseid som ein spennande politikar og ein folketalar. Han hadde temperament og han var ein person som skilde tydeleg mellom vener og uvener.