Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Folk flest seier ja til kultursponsing
Ein ny undersøking frå Ipsos for Kulturdirektoratet viser at 57 prosent av befolkninga meiner det er viktig at staten finansierer kunst og kultur. I tillegg ønskjer 67 prosent å behalde eller auke dagens nivå på den offentlege støtta.

– Dette gir eit anna inntrykk enn det ein kan få gjennom den offentlege debatten. Folk flest ønskjer eit samfunn rikt på kunst og kultur, som er offentleg finansiert, seier direktør i Kulturdirektoratet, Kristin Danielsen i ei pressemelding.
Undersøkinga viser også at folk i sentrale område er mest nøgde med kulturtilbodet sitt, og at unge under 40, kvinner og personar med høgare utdanning har høgast kulturinteresse.