– Denne typen utstyr som varslar sjåførar om trafikkontrollar, er eit aukande problem. Det viktigaste med slike kontrollar er å ta bort risikoåtferd som høg fart, rus og aktløyse. Viss det skal verke etter hensikta, kan ikkje sjåførane bli varsla på førehand. Det bidreg til gjere vegane meir utrygge, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) til VG.
I dag kan bilistar varslast med appar eller trafikkalarmar. I tillegg kan bilførarar som har ein slik boks installert, trykkje på skjermen for å varsle andre ikkje berre om Utrykkingspolitiets kontrollar, men også om dyr og hindringar i vegen.
Lovforslaget blir sendt ut på høyring fredag, med høyringsfrist om fire veker. Forslaget inneber at brot på forbodet gir ei bot på 10.200 kroner. Målet er eit stortingsvedtak før sommaren.
Den største aktøren i denne marknaden, Safedrive, meiner på si side at dei leverer eit produkt som aukar trafikktryggleiken. Dei påpeikar at varsling av dyr, gjenstandar og hendingar i og ved vegbanen reduserer risikoen for ulykker. Det blir dessutan tydeleg informert om at ruskontrollar ikkje skal varslast i systemet, og slike varsel blir dessutan sletta.
(©NPK)