– Med noregspris blir solceller på taket ei mindre lønnsam investering for hushalda. Det vil gjere Stortingets vedtekne mål om 8 TWh straumproduksjon frå solceller på tak innan 2030 endå fjernare enn før, seier ho i ei pressemelding.
For fjernvarme er problemet at selskapa er pålagde at fjernvarmen ikkje skal vere dyrare enn om kundane varma bustaden sin med straum.
– Med ein fastpris på 40 øre kan det raskt bli periodar der fjernvarme blir dyrare å produsere enn norgesprisen. Den kostnaden er det i dag produsentane som må dekkje. Det kan ikkje vere ambisjonen til Stortingets eller regjeringa at leverandørane skal tape pengar og risikere konkurs på at staten tilbyr straum på fastpris, seier ho.
I byrjinga av februar foreslo Arbeidarpartiet den såkalla noregsprisordninga, med fast straumpris på 40 øre kilowattimen frå 1. oktober. Sidan har andre parti også lansert liknande planar.
Hagas forslag er at ein likebehandlar fjernvarme og straum, set eigen noregspris for sal av solkraft til hushald, og prioriterer støtte til solpanel på tak.
(©NPK)