Regjeringa gir 300 millionar kroner til til forsking på kunstig intelligens (KI). Tidlegare har det vore sett av 1 milliard kroner til formålet.
Rett over nyttår fekk Forskingsrådet over 50 søknader om å bli eitt av dei nasjonale forskingssentera innanfor kunstig intelligens. Det er til saman søkt om nær 9 milliardar kroner, skriv regjeringa i ei pressemelding.
For to år sidan sette Støre-regjeringa av 1 milliard kroner over ein femårsperiode til KI-forsking og utvikling.
– Det er ei enorm interesse for feltet, og eg er glad for at vi kan styrkje forskingsinnsatsen ytterlegare, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).
I budsjettet i år får Forskingsrådet 300 millionar kroner til for pris- og lønnsvekst. Det gir auka økonomisk handlingsrom, som dei brukar til å forsterke KI-satsinga.
– Søknadene skal no behandlast og avgjerda om kven som får status som nasjonalt forskingssenter vil skje i juni i år. Budsjettauken på 300 millionar kroner kjem godt med, og Forskingsrådet er i gang med å sjå på korleis også desse midlane kan tildelast i år, seier styreleiar i Forskingsrådet, Gunnar Bovim.
(©NPK)