Næringsliv
God lønsemd i AutoStore
Vindafjord-selskapet AutoStore leverte ei omsetnad på 164,8 millionar dollar i fjerde kvartal 2024, noko som er ein vekst på 14,3 prosent samanlikna med førre kvartal, men ein nedgang på 6,5 prosent samanlikna med same periode i 2023.
Lagerrobot-produsenten AutoStore sitt driftsresultat enda på 59,7 millionar dolllar i fjerde kvartal. Det kjem fram av ei børsmelding torsdag.
Trass i eit krevjande marknadsklima, melder selskapet som har hovudkontor i Nedre Vats i Vindafjord at dei har auka marknadsdelen sin og oppretthalde høge lønnsemdsnivå.
— Sterk avslutning
— Me leverte ein sterk avslutning på året, noko som bidrog til at heilårsinntektene landa over den øvre delen av guidingsområdet vårt. Marknaden er utfordrande, men me held fram med å vinne marknadsdelar. Med vår sterke forretningsmodell og verdiforslag til kundane har me klart å halde oppe høge lønnsemndsnivå, seier administrerande direktør Mats Hovland Vikse i børsmeldinga.
For heile 2024 landa inntektene på 601,4 millionar dollar, eller rundt 6,7 milliardar norske kroner.
Bruttomarginen i fjerde kvartal var på 73 prosent, ein auke frå 68,5 prosent året før. Justert EBITDA-margin enda på 46,7 prosent, mot 47,9 prosent i same kvartal 2023.
Ordreinngangen i kvartalet var på 143,8 millionar dollar, som er på same nivå som førre kvartal, men 12,3 prosent lågare enn året før. Ordreboka auka likevel med 2,4 prosent samanlikna med fjerde kvartal 2023, og ligg no på 457,5 millionar dollar.
— Innovasjon er drivkrafta
— Innovasjon er drivkrafta bak verksemda vår. Ved å utnytte data og innsikt frå kundane utviklar me stadig nye produkt og funksjonar som gjer det mogleg for kundane våre å løyse meir komplekse utfordringar. Me ser fram til å presentere nye AutoStore-produkt og innovasjonar under vår halvårlege produktlansering 4. mars, seier Vikse.
AutoStore blei grunnlagt i Nedre Vats i 1996 og er i dag verdsleiande innan automatiserte lagersystem. Selskapet har levert om lag 1 650 system i 58 land, og har kontor i mellom anna USA, Storbritannia, Tyskland, Sør-Korea og Japan.