Bygg- og anleggsbransjen er utsett for ulykker.
Illustrasjonsfoto: Eirik Linder Aspelund / Stami
– Godt arbeidsmiljø viktig for å hindre ulykker i bygg og anlegg
I 2023 miste seks personar livet på jobb i bygg- og anleggsnæringa. Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) meiner eit godt arbeidsmiljø er avgjerande for å førebyggje ulykker.
Bygg og anlegg er blant næringane i det norske arbeidslivet som er mest utsett for arbeidsskadedødsfall og arbeidsskadar. Stami og Arbeidstilsynet har kvart år i ti år gitt ut ein rapport som gir eit overblikk over ulykker i denne næringa.
Av dei seks dødsulykkene i 2023 var tre av dei fallulykker frå stige, tak og usikra utsparing. Det var ei velteulykke i samband med lossing, ei sprengingsulykke og ei trafikkulykke.
I perioden frå 2014 til 2023 omkom i snitt 7,6 arbeidarar i året.