Selskapet har endra på formuleringane i retningslinjene om Googles utvikling og bruk av KI, og fjerna løftet om ikkje å utvikle teknologi «som forårsaker eller sannsynligvis vil forårsake skade».
I løftet heitte det også at Google ikkje ville gjere forsøk på å bruke KI til våpenformål eller KI «som samler inn eller bruker informasjon til overvåking i strid med internasjonalt aksepterte normer».
Den nye retningslinja inneheld no i staden eit avsnitt om «ansvarlig utvikling og anvendelse» og at Google skal innføre «passende mekanismer for menneskelig tilsyn, aktsomhetsvurderinger og tilbakemeldingsmekanismer tilpasset brukernes mål, samfunnsansvar og allment aksepterte prinsipper i folkeretten og menneskerettighetene».
I eit blogginnlegg kommenterer Googles senior-visepresident James Manyika og Demis Hassabis, som leier Googles KI-laboratorium DeepMind, at selskapet hadde behov for å oppdatere KI-retningslinjene som først vart publiserte i 2018.
KI har utvikla seg raskt sidan den gongen og vorte like utbreidd som mobiltelefonar og internett, argumenterer dei.
(©NPK)