Lotto-sendinga blir flytta til NRK2 frå 1. mars, melder Østlendingen. Resultata kjem dessutan ein time tidlegare – men spelefristen blir den same.
Tidlegare har sendetida vore klokka 19.45 på NRK1. Frå og med laurdag 1. mars skal Lotto-sendinga i sin heilskap visast på NRK2 klokka 18.50. Dermed blir resultata publiserte éin time tidlegare, opplyser Norsk Tipping i ei pressemelding.
Heilt sidan 1987 har Lotto vore eit fast innslag på NRK1 på laurdagskvelden. 38 år seinare er det altså slutt på denne kanalen. Bakgrunnen er at NRK gjer endringar i programmet sitt.
– Vi ser på sjåartala at trekkinga på NRK1 ikkje er like viktig for publikum som før, og sendinga utgjer ein dupp i flyten vår på NRK1 laurdagskvelden. Dette heng truleg saman med at ein stadig aukande del av spelarane følgjer trekkingsresultata digitalt, seier TV-sjef i NRK, Jan Egil Ådland, til Kampanje.
Sjølve sendinga skal det ikkje gjerast noko med – ho vil vere den same som før, forsikrar Norsk Tipping.
Spelefristen for Lotto vil framleis vere klokka 18 på laurdagar.