Den originale patentteikninga av ostehøvelen. Arkivfoto: Patentstyret / NPK
Den originale patentteikninga av ostehøvelen. Arkivfoto: Patentstyret / NPK

Ostehøvelen fyller 100 år

Det er 100 år sidan patentsøknaden blei sendt inn på den ikoniske norske ostehøvelen.

Den 27. februar 1925 leverte møbelsnikkaren Thor Bjørklund frå Lillehammer inn ein patentsøknad for det han kalla «Kniv til skjering av ost». Dette enkle, men geniale verktøyet endra frukostbordet til oss nordmenn og har blitt eksportert til heile verda.

Ostehøvelen vart raskt ein del av norsk kulturarv og bidrog ikkje berre til å endre måten vi et ost på, men også til å redusere matsvinn og betre familieøkonomien. Sidan starten har det blitt produsert over 60 millionar ostehøvlar i Noreg.

I dag blir den originale ostehøvelen framleis produsert i Noreg, no under namnet Bjørklund 1925.

– Det er litt ærefullt å forvalte noko som har fått den statusen som det har i Norge. Det er berre éin «Bjørklund1925». Det er den vi produserer og som er den originale, seier Lars Jørgen Jensen, dagleg leiar i Bjørklund1925.

(©NPK)