Biblioteksjef i Vindafjord, Silje Holden Birkeland, har ein aktiv haust for seniorar og andre.   Foto den 10.10.2022

Biblioteksjef i Vindafjord, Silje Holden Birkeland, har ein aktiv haust for seniorar og andre.
Biblioteksjef i Vindafjord, Silje Holden Birkeland. FOTO: Nils Tokheim

Relanserer bøker med stor skrift – med hjelp frå Vindafjord

No er det igjen mogleg å få tak i gode bøker i ulike sjangrar for dei som har behov for litt større bokstavar. Biblioteksjefen i Vindafjord har hatt ei hand på rattet i den nasjonale satsinga.

Forlaget Lille Måne har relansert «Storskriftserien», i første omgang 14 titlar der innhaldet har stor og lettlesen skrift.

Serien er meint å gjere kvalitetslitteratur tilgjengeleg for eldre, svaksynte og alle dei som har ulike leseutfordringar grunna konsentrasjon og språkvanskar.

Eit slikt tilbod har vore etterlengta sidan det er om lag 25 år sidan sist det var mogleg å få tak i nyutgjevingar av bøker med stor skrift.

Aschehoug forlag hadde ein serie med storskriftbøker på 1980-talet. Forlaget Hilt & Hansteen kom seinare med Storskriftforlaget, som vart lagt ned i 1999. No har altså forlaget Lille Måne kome på banen med ei storskrift-satsing på ulike bøker som er gitt ut før.

Noko for ein kvar smak og alder

Silje Holden Birkeland er biblioteksjef ved Vindafjord bibliotek. Ho sat i redaksjonsrådet som valde ut kva bøker som Lille Måne skulle ta med i serien sin.

– Kriteria var at bøkene skulle fange interessa for dei ulike brukargruppene. Eldre og yngre skulle kjenne seg igjen i bøkene. Så skulle dei vere aktuell litteratur, men vi skulle òg ha med klassikarane, fortel Birkeland til Nynorsk pressekontor.

Ho seier tidlegare seriar med storskrift har fokusert mest på klassikarane.

– Desse treff stort sett dei eldre, men ideen denne gongen var å få med nyare litteratur i storskrift. Vi har mellom anna med Lars Mytting, Abid Raja, Edvard Hoem og ei sitatbok frå kongen.

Storskriftserien er relansert. Foto: Forlaget Lille Måne / NPK

Den første bokpakken i «Storskriftserien» inneheld eit breitt utval av sjangrar, inkludert romanar, klassikarar, livsvisdom, biografiar, humor og krim. Forlaget har lagt vekt på å velje forfattarar med tilknyting til ulike delar av landet. Blant titlane finn du «Ingrid Winters makeløse mismot» av Janne S. Drangsholt, «Mors gaver» av Cecilie Enger, og «Søsterklokkene» av Lars Mytting. Klassikarar som «Skipet går videre» av Nordahl Grieg og «På gjengrodde stier» av Knut Hamsun er også inkluderte.

– Veldig glad for å vere med i den nye storskriftserien. Det skulle berre mangle at vi ikkje har eit slikt tilbod i Noreg, seier forfattar Lars Mytting i ei pressemelding.

I bibliotekhyllene

Ein av grunnane til at bøker med stor skrift ikkje har vore satsa på dei siste åra, kan vere auka lesing på skjerm og lesebrett. Der er det nemleg mogleg å endre storleiken på skrifta sjølv. Det er derimot ikkje alle som likar å lese slik og no kjem altså nye alternativ i papirform. Ulike bibliotek får no tilbod om å skaffe seg den nye storskriftserien.

(©NPK)