Mykje av årsaka til at innbyggjarane i enkelte fylke brukar mindre legemiddel er alderen på befolkninga. Foto: Kubrix Apotekforeningen
Mykje av årsaka til at innbyggjarane i enkelte fylke brukar mindre legemiddel er alderen på befolkninga. Foto: Kubrix Apotekforeningen

Relativt låg bruk av medisinar i Vestland

Berre fire fylke har lågare medisinbruk per innbyggjar enn Vestland.

Berre fire fylke har lågare medisinbruk per innbyggjar enn Vestland.

Mykje av årsaka til at enkelte fylke har lågare bruk av medisinar per innbyggjar er alderen på befolkninga.

– Legemiddelbruken aukar kraftig med alderen, så det er ikkje overraskande at det er fylke med fleire eldre som toppar lista over legemiddelbruk. I tillegg er det generelle helseforhold og sosiale forhold som påverkar legemiddelbruken, forklarer Hanne Andresen, fagdirektør i Apotekforeningen, i ei pressemelding.

Ser ein på utviklinga i legemiddelbruken dei ti siste åra, er det likevel ikkje i fylka med høgast forbruk auken er størst. Det er innbyggjarane i Akershus som har hatt den største auken, på 33 prosent. Frå å vere eit av fylka med lågast forbruk i 2015, er dei i dag «midt på treet».

Sjå fullstendig fylkesoversikt under:

DDD* per person i 2024:

Østfold: 784

Innlandet: 767

Telemark: 738

Nordland: 715

Vestfold: 694

Buskerud: 694

Agder: 683

Finnmark: 676

Akershus: 668

Troms: 651

Vestland: 640

Trøndelag: 639

Møre og Romsdal: 636

Rogaland: 620

Oslo: 576

*DDD står for definert døgndose, og er ei internasjonal måleining for gjennomsnittleg døgndose av eit legemiddel for vaksne. DDD er eigna til å samanlikne utvikling over tid eller mellom ulike legemiddel, fordi det ofte finst mange ulike pakningsstorleikar og styrkar av same legemiddel.

(©NPK)