Sterkt økonomisk Vindafjord-år
— Resultatet styrkar kommunen sitt økonomiske handlingsrom framover og bufferen vår for dårlegare resultat i framtida. Dette blir viktig i åra framover, der mellom anna dei demografiske endringane med fleire eldre og færre yngre vil gjere seg gjeldande, seier kommunedirektør Yngve Folven Bergesen til kommunen si eiga nettside.
Netto driftsresultatet på 61,1 millionar svarar til om lag 5,8 prosent av brutto driftsinntekter, som var på 1,051 milliardar kroner i fjor. Kommunen si målsetting og kommunenorma» er 1,75 prosent over tid. Folven Bergesen peikar på at Vindafjord kommune har hatt gode økonomiske vilkår og levert gode resultat over fleire år.
Høge inntekter
Ein viktig grunn til at Vindafjord-økonomien har gått godt i seinare år, er skatteinntektene. Nasjonalt var det ein svikt i skatteinntektene samanlikna med det som blei lagt til grunn for kommunesektoren før året, og det endelege resultatet blei om lag éin prosent lågare enn det siste anslaget frå november 2024.
Vindafjord hadde derimot sterke skatteinntekter i november og desember. Skatteinngangen steig frå 108 prosent til 115,5 prosent ved årsskiftet. Det er det beste resultatet opp mot landssnittet sidan 2013 (117,1 prosent). Totalt kom det inn 17 millionar meir enn budsjettert. Etter justering for inntektsutjamninga blei netto meirinntekter på 0,75 millionar kroner.
Utbetalinga frå Havbruksfondet i 2024 var den høgaste sidan fondet blei oppretta. Vindafjord kommune fekk 16,3 millionar kroner, 6,3 millionar over budsjett. I tillegg gav eigedomsskatten 39,9 millionar kroner, om lag ein million over budsjett.
Kommunen hadde eit positivt budsjettavvik på 21,42 millionar kroner innan finans. Renteinntektene var 22,45 millionar mot budsjetterte 12,4 millionar. Utbytte frå Haugaland Kraft AS og SØK AS enda på 27,54 millionar, og eigenkapitalbevis i verdipapirmarknaden gav 2,44 millionar. I tillegg blei det bokført ein finansiell gevinst på 7,37 millionar.
Vindafjord tok imot 105 flyktningar i 2024 og fekk om lag 55,5 millionar i integreringstilskot. Dette er om lag 10,5 millionar meir enn justert budsjettert.
Skattefesten er truleg over
Folven Bergesen seier at i tillegg til dei gode skatteinntektene fekk Vindafjord statlege overføringar mot slutten av året som kompensasjon for svake skatteinntekter for kommunane, noko som vart ein rein bonus for dei. Denne meirinntekta var 6,9 millionar. Når Vindafjord i tillegg fekk det han omtalar som eit fantastisk godt resultat frå dei finansielle plasseringane og mykje meir enn venta frå Havbruksfondet, blei det eit veldig godt resultat for kommunen.
— Dette er dessverre meirinntekter me ikkje kan rekne med for framtida, mellom anna fordi inntektssystemet for kommunane vert lagt om frå 2025, med større utjamning av skatteinntektene, seier kommunedirektøren.
2024 var siste året før omlegginga av skatteinntektene til kommunane, der mellom anna kommunane sin del av formueskatten blir halvert og utbytte blir tatt vekk. Desse komponentane har særleg vore medverkande til høg skatteinngang for kommunen dei siste åra. Etter omlegginga er det venta at skatteinngangen i Vindafjord vil bli nærare landsgjennomsnittet.
— Arbeidet med omstilling av kommunen må difor halde fram, slår Folven Bergesen fast.
Større kontroll på kostnadane
På kostnadssida enda investeringsutgiftene på 229 millionar. Vindafjordhallen var det største enkeltprosjektet med ei brutto investering på 120,5 millionar kroner i 2024. Rammeområda fekk eit resultat nesten i balanse mot budsjett.
Rammeområda fekk eit resultat nesten i balanse mot budsjett, langt betre enn dei meldte prognosane. Hovudårsaka til det er lågare pensjonsutgifter og noko lågare lønnsutgifter enn venta, som samla gav ei innsparing på om lag 12 millionar. Sjølvkostområda innan forvaltning, drift og utvikling hadde eit overskot på 2,8 millionar, der 1,5 millionar blir sett av til fond og resten dekker framførbart underskot frå tidlegare år.
Rekneskapen er sendt til revisjon for kontroll og godkjenning, før han skal til behandling i kommunestyret saman med årsmeldinga før sommaren.