900 hundar i hundre
Nesten 900 hundar konkurrerte i Skakkehallen i helga. Camilla Strandnes gleda seg over eigne hundar og sonen sin hund sine prestasjonar.
— Skakke er ein veldig kjekk hall å stille i, seier Camilla Strandnes, som har budd i Sandeid i snart 15 år.
Sjølv hadde ho med labradorane Mofi og Lykke. Den eine fekk excellent søndag, noko ho er veldig godt fornøgd med. Ho har ti års erfaring med utstillingar, men er alltid litt nervøs i forkant.
Lykkast med sin første hund