Vats-elevane har laga bygdeavis
Det er ein tradisjon ved skulen i Vats å lage avis. Ho har hatt ulike namn sidan oppstarten tidleg på 2000-talet, og i år gav 7. klasse ut Vatsavisa.
Det er ingen som vedkjenner seg å vera redaktør, og i det heile kunne ein sjå at dette var ein svært flat organisasjon med fokus på samarbeid. Alle hadde vore innom alle funksjoner, meir eller mindre.
Det er ikkje mindre enn tolv redaksjonelle artiklar i avisa som er på 24 sider i A4-format. I tillegg finn ein to intervjusider med spørsmål til forbipasserande på Knapphus, og ungar i første klasse ved skulen. Litt aktivering av lesarane er det òg laga plass til.
Det var ulike oppfatningar av kva som var det best å jobba med, og ei som tydelegvis har salstalent er Marta Espeland.