Næringsliv
Vats kan miste nesten 140 arbeidsplassar
Dagens 138 AutoStore-arbeidsplassar kan forsvinne frå Åmsosen i Vats, viss selskapet gjer alvor av sine byggjeplanar på rådhustomta i Aksdal i Tysvær. Vats-patriot og konsernsjef i Hatteland Gruppen, Stig Hatteland, er likevel ikkje uroa med tanke på sysselsetting og busetjing i bygda.
Då Hatteland-konsernet selde lagerrobot-selskapet AutoStore til svenske EQT i 2016, inngjekk selskapet ein 10 år lang leigeavtale med Hatteland-konsernet om leige av lokalet selskapet var etablert i. No går leigeavtalen snart ut, og mykje tyder på at AutoStore flyttar til Aksdal i Tysvær.
Store Aksdal-planar
Børsnoterte AutoStore er ordknappe om framtidsplanane sine, men det er ikkje nokon hemmelegheit at selskapet over fleire år har hatt ein dialog med Tysvær kommune om kjøp av tomt i Aksdal. Grannar har stilt fleire spørsmål til selskapet, mellom anna om det no er signert kontrakt om kjøp av tomt i Tysvær, og når selskapet ser for seg å opne eit nybygg i Aksdal.
— Vi har ikkje noko ytterlegare informasjon å dele på noverande tidspunkt. Det er enno ikkje fatta nokon avgjersler angåande hovudkontor eller andre relaterte spørsmål, skriv kommunikasjonssjef Patrik Wallgren i ein e-post.
Men etter det Grannar forstår er planen å samlokalisere dei fleste av dei totalt 190 AutoStore-tilsette på Haugalandet under eitt tak på ein av dei mest sentrale tomtene i Aksdal, nemleg rådhustomta.
— Eg kan stadfesta at Tysvær kommune er samde med AutoStore om sal av to tomter i Aksdal. Tomtene det er gjort avtale om er rådhustomta samt parkeringstomta utanfor rådhuset, skriv kommunedirektør Sigurd Eikje i Tysvær kommune i ein SMS til Grannar.
Ny aktivitet?
Det er Hatteland Holding AS som gjennom Hatteland Bygg AS eig areala kor AutoStore er leigetakar i dag. Konsernsjef i Hatteland Gruppen og Vats-patriot Stig Hatteland er ikkje nemneverdig uroa på Vats-bygda sine vegner når det gjeld sysselsetting og busetnad i bygda, sjølv om AutoStore skulle lande på å flytte frå Åmsosen.
— Me fekk dei same spørsmåla då Hatteland Display flytta ut i si tid, om det var over og ut for Vats. Faktum er at per i dag er det fullt opp av næring i Åmsosen, påpeiker han.
Men han forstår at mange er nysgjerrige på kva som kan skje om AutoStore forlèt bygda.
— Me ønskjer sjølvsagt at AutoStore skal halde fram med si verksemd i Åmsosen. Men flytter dei heile eller delar av verksemda ut, så satsar me på at areala skal bli brukt. Enten av eigne selskap, andre leigetakarar eller ein kombinasjon, seier han.
Flytta til Tysvær
Hatteland-konsernet har også sjølv flytta verksemder ut frå Åmsosen. Vel å merke ikkje så langt, men til nabokommunen Tysvær. Der har dei i dag sin største lokasjon i Aksdal næringspark i Eikeskog, i eit nybygg dei tok i bruk for tre år sidan. Der har 128 tilsette knytt til forskjellige Hatteland-selskap sin arbeidsplass i dag. Av dei til saman 350 tilsette i konsernet, er det til samanlikning no 60 tilsette som har oppmøtestad i Åmsosen. Det talet inkluderer 22 tilsette i Nausthaugen barnehage.
— At me har etablert aktivitet utafor Åmsosen handlar om at Hatteland-selskapa har vakse, og at det har vore avgrensa areal tilgjengeleg der, presiserer han.
Men snart kan det altså bli store ledige areal i Åmsosen igjen, og konsernsjef Stig Hatteland meiner Åmsosen framleis er ein god lokasjon for næringsdrivande, og at ein ikkje bør vere uro med tanke på rekruttering av kompetent arbeidskraft til Vats.
— At det per i dag er fullt i Åmsosen viser at mange har tatt jobb her, fordi dei har funne ein interessant internasjonal stilling, kor ein jobbar med ny teknologi saman med høgt utdanna kollegaar, seier han.
Me fekk dei same spørsmåla då Hatteland Display flytta ut i si tid, om det var over og ut for Vats. Faktum er at per i dag er det fullt opp av næring i Åmsosen
Hatteland-konsernet har sjølv rekruttert tilsette som har flytta frå Stavanger til Vats, og Stig Hatteland legg til at det også handlar om kva ein kan tilby elles i bygda.
— Det er jo ikkje alle som ønskjer å bu tett på naboar i ein by, men som føretrekk eit liv kor dei kan kombinere ein spennande jobb med det bygda kan by på, seier han.
Barnehage
Han trekk også fram satsinga Hatteland har gjort ved å kjøp og byggje ut Nausthaugen barnehage.
— Det hadde me ikkje gjort om vi ikkje hadde tru at folk vil slå seg ned her, påpeiker han.
Hatteland trekk vidare fram den nye Vindafjordhallen, med nytt symjebasseng og grendehus, som om kort tid blir tatt i bruk, seks år etter at den gamle Vindafjordhallen blei flammane sitt rov.
Hatteland vil ikkje forskottere noko kring kven som kan bli ny leigetakar om AutoStore pakkar saman og flyttar til nabokommunen.
— Me veit enno ikkje kva AutoStore gjer. Dei er uansett velkomne til å leige vidare, og me venter og ser kva dei vil gjere, seier han.