Anne Brit Klungland (t.v) fekk besøk av kollegaene Marvell Windsand Åsebø, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland i Pensjonistforbundet Vindafjord. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Pensjonistforbundet Vindafjord følgjer arbeidet med eldreomsorg i Vindafjord tett. Her ved Anne Brit Klungland (t.v), Marvell Windsand Åsebø, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland.
Marvell Windsand Åsebø (t.v.) og Anne Karin Hårajuvet i Pensjonistforbundet Vindafjord engasjerer seg for eldre sin livskvalitet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Marvell Windsand Åsebø (t.v.) og Anne Karin Hårajuvet i Pensjonistforbundet Vindafjord engasjerer seg for eldre sin livskvalitet.
Anne Brit Klungland kan ta heis til leilegheita si. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Brit Klungland kan ta heis til leilegheita si.
Anne Brit Klungland har hatt ein sentrumsleilegheit med alt på eit plan i over 20 år. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Brit Klungland har hatt ein sentrumsleilegheit med alt på eit plan i over 20 år.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen (t.v.) og kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling følgde nøye med på innspela frå Pensjonistforbundet Vindafjord. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen (t.v.) og kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling har hatt dialog med aktørar i Imsland og Bjoa om etterbruk av skulebygningane der.
Anne Brit Klungland (t.v), Marvell Windsand Åsebø og Anne Karin Hårajuvet sette pris på å ha dialog med kommunetoppene. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Brit Klungland (t.v), Marvell Windsand Åsebø og Anne Karin Hårajuvet sette pris på å ha dialog med kommunetoppene.
Anne Brit Klungland (t.v.) og Marvell Windsand Åsebø er engasjerte i arbeidet med at eldre skal ha ein god kvardag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Brit Klungland (t.v.) og Marvell Windsand Åsebø er engasjerte i arbeidet med at eldre skal ha ein god kvardag.
Marvell Windsand Åsebø (t.v.), Turid Mølstre Haugland og Anne Brit Klungland gler seg til møtet på Sjøperlo. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Marvell Windsand Åsebø (t.v.), Turid Mølstre Haugland og Anne Brit Klungland gler seg til møtet på Sjøperlo.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, Anne Brit Klungland, Marvell Windsand Åsebø, Turid Mølstre Haugland, kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling og Anne Karin Hårajuvet ser fram til arrangementet på Sjøperlo. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, Anne Brit Klungland, Marvell Windsand Åsebø, Turid Mølstre Haugland, kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling og Anne Karin Hårajuvet ser fram til arrangementet på Sjøperlo.
Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling var glad for å få tips frå Marvell Windsand Åsebø (t.v.), Anne Brit Klungland, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland (skjult) i Pensjonistforbundet Vindafjord. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling var glad for å få tips frå Marvell Windsand Åsebø (t.v.), Anne Brit Klungland, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland (skjult) i Pensjonistforbundet Vindafjord.

Vil ha trygg alderdom

Publisert Sist oppdatert

— Ein bør byrje å tenke på å tilpasse bustaden sin eller finne passande bustader til eldre dagar tidlegare enn ein tenkjer no, seier Anne Brit Klungland i Pensjonistforbundet.

Ho har sjølv budd i ei praktisk leilegheit med alt på éin plan på toppen av Ølen Senter i over 20 år. Denne dagen har ho med seg Marvell Windsand Åsebø, Anne Karin Hårajuvet og Turid Mølstre Haugland frå forbundet for å snakke om eldrevennlege bustader.

Lettstelt

Forbundet meiner det er viktig at folk kan bu heime så lenge som mogleg. Tryggleik er avgjerande, og einsemd kan bli ei utfordring om eldre blir sittande åleine. Difor er dei positive til omsorgsbustader med bemanning, og løysingar som Vikedaltunet bufellesskap, som har 11 leilegheiter pluss ekstra felles stove.

Klungland, Windsand Åsebø, Hårajuvet og Mølstre Haugland bur i bustader der dei truleg kan bli buande livet ut om helsa held. Dei forklarar at eldrevennlege bustader kan ha ulike utformingar, men har felles trekk. To bur i hus og to i leilegheiter, men alle har alt på éin plan i kommunesenteret Ølen.

— Det er ein fordel er å ikkje ha for stor bustad. Du skal vaske og halde orden, seier Windsand Åsebø.

Blant viktige element i eldrevennlege bustader er store dører og låge dørstokkar.

Anne Brit Klungland har hatt ein sentrumsleilegheit med alt på eit plan i over 20 år.

Vil skape medvit

Pensjonistforbundet Vindafjord har rundt 80 medlemmar, derav 50 nye sidan oppstarten i juni 2024. Dei jobbar med kommunen om tilrettelegging for aldersvennlege bustader, gangvennlege samfunn og helse. Forbundet har møte i bygdene og driv opplysningsarbeid om kvardag, rettar og anna for eldre.

Denne dagen er kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling med i leilegheita til Klungland. Dei lyttar til innspel og svarar på spørsmål.

Blant innspela er ønsket om å behalde bassenget i Ølen og få ein badebuss til Vats når Vindafjordhallen opnar. På forslaget om ei kommunal vaktmeisterordning fortel kommunedirektøren at dei vil sjå på erfaringane frå Sveio. Kommunen får òg ros for serviceinnstillinga og tilboda på Sjøperlo.

— Biblioteket er heilt fantastisk, seier Hårajuvet.

Anne Brit Klungland (t.v.) og Marvell Windsand Åsebø er engasjerte i arbeidet med at eldre skal ha ein god kvardag.

Ti millionar

For kommunen er det viktigaste at folk har det bra. Krohn Brekke peikar på at presset på kommunale tenester allereie er stort, og at det vil auke med den demografiske utviklinga.

— At folk kan bu lenge heime, kan avhjelpe presset, seier han.

I dag består bustadmassen i Vindafjord hovudsakleg av einebustader, medan det er få leilegheiter. Dette er eit viktig tema i kommunen sin arealplan. Krohn Brekke meiner einebustader er bra for dei som ønskjer det, men kommunen må òg leggje til rette for meir konsentrert bygging. Han understrekar at dette ikkje berre treng å vere i Ølen, men ser positivt på bygginga av leilegheitskompleks der for både unge, eldre og kommunen sine tenester.

I budsjettet for 2025 er ti millionar kroner sett av til kjøp av leilegheiter som kan utløyse prosjekt. Kommunalsjefen gler seg over midlane og vil sjå korleis dei kan brukast best mogleg.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen (t.v.) og kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling følgde nøye med på innspela frå Pensjonistforbundet Vindafjord.

Håpar på fullt hus

Dialogen mellom forbundet og kommunen har resultert i eit felles arrangement. Torsdag inviterer dei til ei samling med fokus på unge eldre sine bustadbehov på Sjøperlo i Ølen.

— Me håpar på stinn brakke. Folk kan kome, få informasjon, stille spørsmål og ta eigne val, seier Anne Karin Hårajuvet.

Seniorrådgjevar Linda Nordgreen i Husbanken skal fortelje om deira verkemiddel for å fremje gode bustader for eldre. Pensjonistforbundet skal dele erfaringar om å flytte frå einebustad til leilegheit. Krohn Brekke og kommunalsjef Sigurd Gjerdevik for helse og omsorg vil belyse utfordringar kommunen står overfor knytt til busetjing av eldre, samt kva verkemiddel dei vil ta i bruk for framtidsretta løysingar.

— Sigurd vil presentere funn frå rapporten til Agenda Kaupang, fortel Krohn Brekke.

Hausten 2024 la konsulentfirmaet fram ein rapport om kommunen sin ressursbruk og framtidige behov for heildøgns omsorgsplassar, omsorgsbustader og tryggleiksbustader.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen, Anne Brit Klungland, Marvell Windsand Åsebø, Turid Mølstre Haugland, kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling og Anne Karin Hårajuvet ser fram til arrangementet på Sjøperlo.
Powered by Labrador CMS