Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) vil gi unntak i aldersgrensa for opplæringstiltak frå Nav til ungdom som held på å falla utanfor vidaregåande skule. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) vil gi unntak i aldersgrensa for opplæringstiltak frå Nav til ungdom som held på å falla utanfor vidaregåande skule. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Brenna vil gi opplæringstiltak hos Nav til 16-åringar som slit på skulen

Vidaregåande elevar som held på å falla utanfor, skal få hjelp av Nav til å få opplæring på ein arbeidsplass, foreslår arbeidsminister Tonje Brenna.

– Ingen unge skal måtta oppleva at det ikkje finst eit tilbod for dei, eller at dei ikkje får hjelp når dei strevar med skulen. Me må klara å fanga dei opp, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.

Regjeringa foreslår no å gjera unntak frå aldersgrensa på 19 år for opplæringstiltak til ungdom mellom 16 og 19 år som held på å falla utanfor skulen.

Målet er at Nav og fylkeskommunen skal kunna samarbeida om meir fleksible opplæringstilbod, så ungdom kan fullføra vidaregåande utdanning og komma inn i arbeidslivet.

– For nokre ungdommar kan det vera betre å vera på ein arbeidsplass og kjenna seg nyttig enn å sitja på skulebenken. Dei treng å vera i aktivitet og å oppleva meistring. Me treng fleire unge inn i jobb og utdanning, og då kan ikkje regelverket stå i vegen for det, seier Brenna.

Desse regelendringane er førebels under utgreiing i departementet og skal sendast på høyring når dei er klare.

(©NPK)