25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Vendel-Agathe Sundgot Hide debuterte på Skjold-scena, men med bustad i Vikebygd og sambuar med Vegard Skartland, blir ho nok meir å sjå.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 1
Viktige folk bak i kullissane. Sminketeamet beståande av (f.v.) Janne Bø Løtvedt, Elisabeth Nielsen, og Nina Vestre, alle frå Skjold.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 1
Her er det oppvarming bak i kulissane ein halv times tid før oppstart.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Trass i knapt ein einaste plussgrad, varma denne gjengen like godt òg opp utanfor Skjold Arena.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 1
Skilt på scenedøra. Kanskje var det dette som gjorde at det var lite nervøsitet å spora før premieren.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Tendensar til mobbing av den som ikkje tilpassa seg prinsippet om likskap.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Elisabeth Stople Gregersen viste at ho kan spela på mange strengar. Her er ho den onde Killer Queen».
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Aina Hustveit (t.v) og Elisabeth Stople Gregersen representerte herskarane i verda som hadde lagt bort mangfold og musikk.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Kristian Risanger (t.v) og Charlotte Dagestad hadde sentrale roller både med skodespel og song.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 1
Det var ikkje eit ledig sete att i Skjold Arena på premierekvelden.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
I denne sang- og skodespelscena er Julie Johannessen sentral.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Arna Eggebø, her i solonummer.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Fargerikt fellesskap mot slutten av musikalen då det kunne sjå ut til å gå musikkelskarane sin veg.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Siri og Jan Olav Landa var imponerte over det høge nivået der dei storkoste seg på nestbakerste benk. Dei har mange musikalar på samvitet, men hadde aldri vore på denne. Stort var det då at dei fekk oppleva han i heimbygda.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Artist Julie Johannessen (t.v.), menga seg blant publikum i pausen. I midten Ingrid Nesheim og til høgre farmor Magnhild Johannessen. Erling Haraldseid, bak, var òg med i følgjet
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Her er klona GaGa-jenter i aksjon.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Hovudrollane hadde Vendel-Agathe Sundgot Hide og Vegard Skartland. Kjærestar i musikalen, og kjærestar heime i Vikebygd.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Vendel-Agathe Sundgot Hide og Vegard Skartland hadde hovudrollane i stykket, og presterte stort.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Mot slutten kom endeleg Morten Eiknes (t.h.) på scena, og fekk ein sentral rolle i løysinga på problema. Her er med Vegard Skartland og Vendel-Agathe Sundgot Hide.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Gjennomgåande var det eit alvorleg tema når mangfald og musikk var blitt bannlyst, men musikalen var svært morosam i tillegg til det gode skodespelet og dei svært dyktige songarane. Her er det (f.v.) Vendel-Agathe Sundgot Hide, Vegard Skartland og Morten Eiknes på veg til London.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 30
Arkivfoto frå Queen-musikalen UL Skjoldafjord satt opp i mars. Arkivfoto. Nils Tokheim
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord 31
Therese Haraldseid (t.v.) og Tone Haugen Moe var blant arrangørane, førstnemnde som ein av tre regissørar.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
To mykje sminka generasjonar på scena på same tid. Kjetil Ohm (t.v.) og dottera Karoline Ohm (23), begge både med skodespel, dans og solosong.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Musikarane sat trongt, men det hindra dei ikkje i å levera varene på beste vis. UL Skjoldafjord treng ikkje å bruka musikk i opptak når dei har denne gjengen som gjer det live. Frå venstre står Arne Tveit, Einar Bakke, Knut Ståle Storesund, Alf Helge Stendal og Berge Thomas Velde.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Ruth Jøri Eidhammer (18) hadde rollar både som Gaga og Yuppi, og var ikkje særleg nervøs før premieren. Erfaringa frå barne- og ungdomsteater var nok viktig her.
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Karoline Ohm (f.v.) og Tiril Hundhammer Reed var blant mange som viste fine vokale prestasjonar
25/12 Queen-musikalen til UL Skjoldafjord
Vendel-Agathe Sundgot Hide tidleg i musikalen.

Debuterte med glans

Vendel-Agathe Sundgot Hide flytta til Vikebygd for mindre enn eit år sidan. Ho er allereie med i grendeutvalet, og har engasjert seg i revy- og teaterlaget. Fredag presenterte ho seg til gangs i nabobygda, både som skodespelar og songar i premieren til UL Skjoldafjord sin Queen-musikal.

Publisert Sist oppdatert

Vegard Skartland har ei svært sentral rolle i at Vendel-Agathe Sundgot Hide står på scena i Skjold i desse dagar, og i Festiviteten i Haugesund neste helg.

Dei to traff kvarandre som studentar på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Der var dei i same storband, og søt storbandmusikk må ha oppstått mellom dei.

Hovudrollane hadde Vendel-Agathe Sundgot Hide og Vegard Skartland. Kjærestar i musikalen og kjærastar heime i Vikebygd.

No har kjæresteparet og sambuarane hovudrollane som Galileo og Scaramouche under Queen-musikalen i nabobygda. Ho er frå Gjerdsvika på Sunnmøre, med Ulsteinvik som næraste større tettstad. Bygda på Gurskøya i Sande kommune kan samanliknast med Vikebygd i storleik, og som i Vikebygd er det er ei revy- og teatergruppe der òg.

— Eg har lenge vore aktiv innan kultur, men det er første gong her i kommunen, seier ho,

Fullt hus

Det var ikkje eit ledig sete i salen under premieren fredag kveld. Så er det òg ei stor satsing UL Skjoldafjord gjer denne gongen. Det kostar å setja opp alt ein ikkje sjølv lagar, og Queen-musikalen er sett av over 20 millionar menneske i rundt 30 land. Dermed er det ein dyr oppsetjing å kjøpa rettar til.

Det var ikkje eit ledig sete att i Skjold Arena på premierekvelden.

— Det er nok det største me har satsa ja, og me betalar ein fast pris pluss delar av billettsalet. Me skal ha ein del publikum for at det skal bera seg, men det starta bra no i kveld, seier Therese Haraldseid, som er ein av tre regissørar for oppsetjinga.

Eit par blant publikum som har brei erfaring med musikalar, er Siri og Jan Olav Landa.

— Me har ikkje vore på denne musikalen i London, og me veit at no er han tatt av plakaten der. Så dette var jo fantastisk at me får sjå og høyra han her i heimbygda vår, samstemmer dei to.

Ei anna som var svært nøgd med kvelden var Ingrid Nesheim, som var til stades saman med Magnhild Johannessen og Erling Haraldseid.

— Eg synes det er kjempebra, og favoritten min er Silje, seier Ingrid Nesheim, medan ho gler seg til at pausen er over.

Artist Julie Johannessen (t.v.), menga seg blant publikum i pausen. I midten Ingrid Nesheim og til høgre farmor Magnhild Johannessen. Erling Haraldseid, bak, var òg med i følgjet.

Queen

Musikalen er ei forteljing om verda om tre hundre år frå no, styrt av folk som har bestemt at mangfald blant folk skal vera avgrensa. Musikk er forbudt og dermed er alle verdas musikkinstrument øydelagde. Musikken og tekstane til det legendariske britiske rockebandet Queen, bind hendinga saman.

I musikalen til UL Skjoldafjord snakkar alle sin eigen dialekt frå scena, og litt av tekstane mellom songane er tilpassa lokalt. Latter var det til dømes då Mount Everest, Galdøhpiggen og Hodnafjellet vart nemnd i same andedrag. Queen sine songtekstar vert sunge på engelsk, og publikum deltok engasjert på mange av dei mest kjende refrenga.

Kristian Risanger (t.v) og Charlotte Dagestad hadde sentrale roller både med skodespel og song.

Stort apparat

Det er eit 20-tals artistar på scena gjennom dei drygt to timane, pluss ein halv times pause. Det kunne sikkert ha vore freistande å bruka ferdig musikk, men eigne musikarar stod for alt bortsett frå eit par originale korte Queen-innslag på storskjerm. For at det dyktige orkesteret ikkje skulle ta opp areal på scena, sit dei på ein eigen scene oppunder taket knapt synleg for publikum.

Alle på scena var utkledde til det i nokre tilfelle ugjenkjennelege, så her gjer dei som jobbar med kostyme og sminke ein fantastisk jobb. Å kjenne att Elisabeth Stople Gregersen, som spelte den onde dronninga, var ikkje særleg enkelt.

Det er imponerande at UL Skjoldafjord år etter år klarar å presentere slike førestillingar. Årets er truleg noko av det største og beste dei har gjort. Det er ei lang og vanskeleg oppsetjing, og for publikum var det neppe eit feilslag å merka. Dessutan går alt unna knapt utan pausar til sceneskift, og lyd og lys er av høg kvalitet.

I denne song- og skodespelscena er Julie Johannessen sentral.

For dei på scena er det alvorleg mange timar som er lagt ned i førebuingar. Elisabeth Byrkja frå Skjold hadde to av sine på scena.

— For dei som deltek på scena er det snakk om øving, øving og øving, så ein må vera like imponert over dei som har vore heime kveld etter kveld, seier ho.

Atten år gamle Ruth Jøri Eidhammer hadde to rollar, men var ikkje særleg nervøs minuttar før premieren.

— Eg har erfaring frå barneteateret her, kor eg òg har vore leiar, så dette kjem til å gå fint, sa ho, og det stemte fullt og heilt.

Ruth Jøri Eidhammer (18) hadde rollar både som Gaga og Yuppi, og var ikkje særleg nervøs før premieren. Erfaringa frå barne- og ungdomsteater var nok viktig her.
Powered by Labrador CMS