Ein kulturell festdag
Under Kulturnatt i Etne 15. mars er programmet fullspekka av kulturaktivitetar for ein kvar smak frå morgon til seine natta. Det meste vil skje på Skakkesenteret.
Det blir full rulle med familievennlege aktivitetar som teater, konsertar, tromming, legobygging, film og føredrag frå tidleg formiddag, med heile 50 kulturinnslag på ein dag.
— Det er eit svært program til å vera i ei lita bygd, seier Torbjørn Reiso som er i programkomitè for Kulturnatt.
På dagtid blir det familieaktivitetar med matservering med både heimebakst og internasjonal bakst, og på kvelden blir det konsert med Major Parkinson etterfølgd av Makalaust som spelar opp til dans.