Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna vil gjera det lettare å få unge ut i arbeidslivet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB /NPK
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna vil gjera det lettare å få unge ut i arbeidslivet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB /NPK

Endrar aldersgrensa for opplæringstiltak

Regjeringa vil ha fleire unge i arbeid, og føreslår regelendringar i Nav.

I dag må du vera 19 år for å få opplæringstiltak gjennom Nav. No vil regjeringa gjera visse unnatak for dei mellom 16 og 19 år, slik at dei som treng det kan få tilpassa opplæring som kombinerer skule og praksis.

Det skriv regjeringa sjølv i ei pressemelding.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna meiner det vil hjelpa fleire ut i arbeidslivet.

– Ingen unge skal måtta oppleva at det ikkje finst eit tilbod for dei, eller at dei ikkje får hjelp når dei strevar med skulen. Me må klara å fanga dei opp. Difor endrar me no regelverket, slik at Nav kan bidra til at også unge mellom 16 og 19 år kan få tilpassa opplæring på ein arbeidsplass, seier ho.

Brenna meiner dette kjem til å hjelpa unge med å få eit fotfeste i arbeidslivet.

Regjeringa vurderer også å utvida mentortiltaket for unge i fag- og yrkesopplæring. Gjennom ordninga kan arbeidsgjevar få tilskot for tettare oppfølging av ungdom under opplæring.

(©NPK)