I aldersgruppa 0–4 år var andelen prøvar med påvist RS-virus høgare enn for influensa i veke 11. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
I aldersgruppa 0–4 år var andelen prøvar med påvist RS-virus høgare enn for influensa i veke 11. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

FHI: Influensautbrotet er på retur – no aukar RS-virus

Det blir mindre influensa, men Folkehelseinstituttet opplyser at det framleis vil vere mykje smitte dei neste vekene. Dessutan aukar førekomsten av RS-virus.

– Influensautbrotet i vinter nådde hovudtoppen i veke 8. Sjølv om utbrotet er på retur, må det ventast mykje influensasmitte i nokre veker til. Førekomsten av RS-virusinfeksjonar har auka jamt dei siste vekene, skriv Folkehelseinstituttet
(FHI) i vekerapporten sin.

Andelen konsultasjonar med influensaliknande sjukdom i primærhelsetenesta er i nedgang. I prøvane som blei tatte i veke 11, blei det påvist influensavirus i 21 prosent. Toppnoteringa var 35 prosent i veke 8.

Talet på personar innlagt på intensivavdeling med influensa er foreløpig fem i veke 11. Det er ned frå 14 innleggingar i veke 10, 24 i veke 9 og 27 i veke 8.

Førekomst av RS-virusinfeksjon er framleis aukande, særleg blant dei minste. I aldersgruppa 0–4 år var andelen prøvar med påvist RS-virus på 34 prosent i veke 11, høgare førekomst enn for influensa.

For heile befolkninga var der påvist RS-virus i 10 prosent av prøvane i veke 11, etter 9 prosent i veke 10 og 9.

Andelen positive koronaprøvar har no i fire veker lege på eit svært lågt nivå, rundt 1 prosent.

(©NPK)