Fleire som tek fagbrev, kjem raskt ut i jobb. Det er godt nytt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Fleire som tek fagbrev, kjem raskt ut i jobb. Det er godt nytt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK

Fleire som tek fagbrev, kjem raskt ut i jobb

83 prosent av dei som tek fag- og sveineprøva, er i jobb etter eitt år, viser nye tal. Innlandet er best, medan Møre og Romsdal ligg på botn.

På den andre sida er Møre og Romsdal fylket med høgast del fagarbeidarar som held fram i utdanning. Dei nye tala frå Utdanningsdirektoratet viser at nesten 30.000 fullførte fag- eller sveinebrev i perioden 2023 til 2024.

– Det er stor etterspurnad etter fagarbeidarar i Noreg, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

Flest fag- og sveinebrev vart avlagde i helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, og i bygg- og anleggsteknikk – som også hadde høgast sysselsetjingsgrad, med 88 prosent i arbeid året etter fagprøva.

– Aldri før har så mange nyutdanna fagarbeidarar komme seg raskt i jobb. Samtidig har fleire enn nokon gong byrja på yrkesfag i sitt første år på vidaregåande skule, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Frå hausten 2024 er retten til vidaregåande opplæring er utvida slik at han både for ungdom og vaksne gjeld heilt til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Vaksne har også fått rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Dette inneber at dei vaksne som ønskjer det, kan ta eit nytt fag- eller sveinebrev.

(©NPK)