Torsk er veldig populær blant turistfiskarane. Foto: Inger Robøle Kristiansen/NPK
Torsk er veldig populær blant turistfiskarane.

Havforskingsinstituttet skeptiske til kutt i turistfiskekvoten

Havforskingsinstituttet (HI) melder at dei har kome med høyringssvar til Fiskeridirektoratet sitt forslag til innstrammingar i turistfiske.

Publisert Sist oppdatert

Havforskingsinstituttet (HI) melder at dei har kome med høyringssvar til Fiskeridirektoratet sitt forslag til innstrammingar i turistfiske.

HI er positive til fleire av forslaga som er lagde fram, mellom anna innfrysingsforbod og standardisert utføringsdokumentasjon. Dei er derimot ikkje overtydde om at kutt i kvoten er ein god ide.

Fiskeridirektoratet foreslår å redusera mengda fisk ein kan ta med seg ut av landet frå 18 kilo til 10 kilo, to gonger i året. Dette meiner HI krev ei tydeleg konsekvensutgreiing.

– Det er til dømes ikkje undersøkt om korleis eit slikt kvotekutt vil påverka turistfiskarane si åtferd på sjøen, seier havforskar Keno Ferter.

Ferter er mellom anna bekymra for om det kan føra til ein auke i såkalla high grading,» altså å kasta ut daud fisk med lågare matverdi om ein fangar noko av høgare kvalitet.

(NPK)

Powered by Labrador CMS