Seriestart 2025
Held fram med friskt mot
Etter at det nå er klart at Ølen IL ikkje greier å stille lag, har Vats 94/Skjoldar/Vik/Vind det einaste kamptilbodet for kvinnelege spelarar i regionen.
Skjoldar IL sitt damelag er klare for ein ny sesong i den lokale 4. divisjonen. Trenar Erling Øygard har etter kvart mange år bak seg som trenar for gjengen.
— Det er 7-8 spelarar her som har vore med i mange år, og så varierer det litt frå år til år kven andre som er med, seier Øygard, som har sett mange spelarar komme og gå opp igjennom åra.
— Denne sesongen får me god hjelp frå J17-laget til Skjoldar, som tel 22 spelarar i alt, fortel trenaren, som legg til at óg tidlegare år har yngre spelarar hatt for vane å hospitere på seniorlaget.