Tiandeklassingar over heile landet står overfor eit vegval når fristen for å søkje vidaregåande skule går ut måndag kveld.
Om søkjarkullet i år tenkjer som i fjor, blir studiespesialisering det utdanningsprogrammet flest søkjar på.
I fjor hadde 1 av 3 dette som førsteønske, men kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) fekk seg ei positiv overrasking då rekordmange tiandeklassingar hadde søkt seg til yrkesfag.
For første gong sidan 2012 hadde over halvparten av søkjarane i fjor nemleg yrkesfag som førsteønske.
Godt er det, for ifølgje Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er det stor mangel på kompetanse i norsk næringsliv. NHOs bedrifter mangla i fjor 34.000 tilsette som følgje av kompetansemangelen, ifølgje ei eiga kartlegging.
– Sjølv om rekordmange valde yrkesfag i fjor, er det framleis behov for at endå fleire vel å ta fagbrev innan eksempelvis bygg og anlegg, elektro og teknologi- og industrifag, sa NHO-direktør Anniken Hauglie i februar.
Det store fleirtalet av tiandeklassingane søkjer seg kvart år til offentlege skular, men tal frå Utdanningsforbundet
viser at talet på elevar på private skular har meir enn dobla seg dei siste 20 åra. Litt over 8 prosent av alle vidaregåandeelevar gjekk på privatskule i skuleåret 2023–24.
Årets inntak til dei offentlege skulane skjer i fleire rundar. Førsteinntaket skal, ifølgje informasjonstenesta Vilbli.no
, vere klart seinast 8. juli og andreinntaket 22. juli.
(©NPK)