LO-leiar Peggy Hessen Følsvik trur kampen for sjukelønsordninga og gode lønnsoppgjer dei siste to åra kan vere grunnar til medlemsauken. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik trur kampen for sjukelønsordninga og gode lønnsoppgjer dei siste to åra kan vere grunnar til medlemsauken. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

LO veks med 20.000 medlemmer – halvparten under 35 år

LO opplever medlemsvekst og har no passert 1 million medlemmer.

Med ein auke på nesten 20.000 medlemmer det siste året, har organisasjonen no 1.026.701 medlemmer, skriv LO i ei pressemelding.

Halvparten av veksten kjem frå unge under 35 år.

– Rekordvekst blant dei unge og det faktum at vi er over ein million medlemmer viser at LO er ein livskraftig 125-åring, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik i meldinga.

Hessen Følsvik seier mellom anna kampen for sjukelønsordninga og gode lønnsoppgjer dei siste to åra kan vere grunnar til medlemsauken.

(©NPK)