I 2016 hadde fire norske hamner meir enn 200.000 cruisepassasjerar på besøk. I fjor vart passasjerane fordelte mellom ti hamner. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
I 2016 hadde fire norske hamner meir enn 200.000 cruisepassasjerar på besøk. I fjor vart passasjerane fordelte mellom ti hamner. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Nesten 6 millionar på cruise i Noreg i 2024

Etter fleire år med auke, flata cruisetrafikken ut i 2024, men prognosane spår ny auke i 2025.

I fjor var det totalt 5,9 millionar passasjerar om bord på 3.654 cruiseanløp i norske hamner, melder Kystverket.

Det er ein liten nedgang frå 2023, men om prognosane for 2025 slår til, blir det ny cruiserekord i 2025 med om lag 3.900 anløp og 6,4 millionar passasjerar.

– Vi registrerer utflating i trafikken og at trenden med utvida sesong held seg, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Månadene oktober til april har historisk vore lågsesong, men no kjem cruiseturistane også midtvinters.

Ålesund toppar statistikken for dagcruise i 2024 med 656.678 passasjerar.

(©NPK)