NHO ber regjeringa endre planane om noregspris på straum. Dei meiner ordninga set både batterirevolusjon og ambisjonane om meir ny solkraft i fare.
Regjeringa har foreslått ei frivillig fastprisordning på 40 øre per kWh før avgifter til hus og hytter, og ho skal etter planen komme i oktober.
Både NHO Elektro og bedrifter i solcellebransjen åtvarar om at forslaget om noregspris spenner bein på ambisjonane regjeringa har sett seg om solkraft og energieffektivisering, skriv Klassekampen.
Ambisjonen til regjeringa er at solkraftproduksjonen i Noreg innan 2030 skal mangedoblast til 8 terawattimar – og energieffektivisering skal kutte 10 TWh kraftforbruk samanlikna med i dag.
Andreas Thorsheim i Otovo, som er Noregs største leverandør av solceller og batteriløysingar til private heimar, seier bransjen ser to alvorlege konsekvensar.
– Nordmenn vil over tid bli sitjande med gammaldagse hus og ikkje kjøpe dei smarte teknologiane som breier om seg i andre land. Den andre konsekvensen er at Noreg vil sløse bort mykje energi, og nettkapasitet, heilt unødvendig, seier Thorsheim.
Han ber regjeringa endre noregsprisen, slik at forbrukarane blir påskjønte for å investere i straumsparing og grøne teknologiar i langt større grad enn i dag.
(©NPK)