Ølen sitt lag som møtte Odda til treningskamp nyleg: Bak frå venstre: Ole Arne Pedersen (trener), Idar Golf, Daniel Urdal, Sindre Knutsen, Sølve Østbø, Mats Marvik, Stian Haugland, Odin Tvedt Haarde, Bror Norland og Georg Kolnes (trener)Framme frå venstre: Sened Melake, Andreas Madsen, Nikolai Haraldseid, Josef Haaland, Simen Løge, Josef Bø og Taha Abdujelil Det er omlag 10 spelarar til som er aktuelle i år.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Seriestart 2025
Nøkterne optimistar med nytt opplegg
Ole Arne Pedersen og Georg Kolnes styrer Ølen IL sitt 5. divisjonslag i år, og dei er nøkterne optimistar før sesongen startar.
Ølen IL er klar for ein ny sesong i 5. divisjon, etter ein 4. plass i fjorårssesongen. I fjor var det juniorlaget som danna stamma i seniorlaget, og det var store forventningar til det unge mannskapet, som hadde sterke merittar frå aldersbestemt fotball. Nils Are Golf var hovudtrenar, og han hadde følgt spelarane sidan dei var gutespelarar. Men starten på sesongen vart ikkje som forventa, og poengfangsten i vårsesongen var for låg til å henga med i toppen. Laget kom likevel sterkt tilbake om hausten, og enda til slutt på 4. plass.
God blanding
Denne sesongen har laget funne tilbake til eit meir vanleg opplegg, med fleire innslag av eldre spelarar. Nokre av dei sterke juniorspelarane frå i fjor er borte, mellom anna kaptein Torbjørn Hjelmtveit. Sverre Ramsfjell er òg ute etter mange gode sesongar på midtbana. Spelarar som i fjor spelte mest på toarlaget, er no tilbake i varmen. Georg Kolnes, som i fjor hadde mest med toarlaget å gjera, er hovudtrenar for A-laget saman med ringreven Ole Arne Pedersen. Dette gir gode og trygge rammer rundt laget, som no består av ei god blanding av juniorspelarar og unge vaksne. Det er stort sett lokale spelarar, men òg nokre frå elevgruppa ved Lundeneset vidaregåande skule.