Seriestart 2025
Opp ein divisjon med nytt namn
Etter å ha spelt i 7. divisjon i fjor, vert det 6. divisjonsfotball på samarbeidslaget til Vats 94, Skjoldar IL, Vik IL og Vindafjord IL denne sesongen, etter ei omlegging av serien. Og no vil dei kalla seg for Fjordar.
Med det nye namnet Fjordar skal samarbeidslaget til Vats 94/Skjoldar/Vik/Vind dette året spela i 6. divisjon. Det er verd å merke seg at internt krev Rogaland fotballkrets at det er namnet på alle samarbeidsklubbane som skal vere namnet. Men sjølv vil dei promotere seg som Fjordar når dei kan.