Tal frå Skatteetaten viser at det i 2023 var 54.000 personar som melde frå i skattemeldinga at dei eigde kryptovaluta. Det var ein auke på heile 12 prosent frå året før, skriv Skatteetaten i ei pressemelding:
I skattemeldinga for 2024, som blir sendt ut no, gir Skatteetaten personar dei trur kan eiga virtuelle eigedelar ein såkalla dult – ei påminning om å rapportera inn verdiane sine.
– Det er ikkje tilfeldig kven som får desse dultane. Me har brukt informasjon frå ei rekkje ulike kjelder til å identifisera dei som får slike påminningar i skattemeldinga. Mellom anna har me teke imot opplysningar gjennom ulike avtalar med andre land og me bruker annan kunnskap me allereie sit på, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Kryptovaluta er ikkje skattefritt, og det du eig ved årsskiftet må rapporterast i skattemeldinga. Gevinstar er skattepliktige, medan tap gir frådragsrett.
– Mange har små verdiar og trur kanskje ikkje det er nødvendig å føra dette opp i skattemeldinga, men alle verdiar må rapporterast, uansett beløp, seier Schanke Funnemark.
(©NPK)