Myr lagrar store mengder karbon, reinsar og filtrerer vatn, dempar flaum og er levestad for mange typar plantar, insekt, dyr og fuglar. Her blir ei øydelagt myr restaurert. Foto: Erlend Skutberg / Statens naturoppsyn
Myr lagrar store mengder karbon, reinsar og filtrerer vatn, dempar flaum og er levestad for mange typar plantar, insekt, dyr og fuglar. Her blir ei øydelagt myr restaurert. Foto: Erlend Skutberg / Statens naturoppsyn

Øydelagt natur skal reparerast 50 nye stader

Miljødirektoratet deler ut 21,5 millionar kroner til å reparera øydelagde bekker, myrar og kulturlandskap.

– Gjennom å tildela midlar til naturrestaurering bidreg me til å forbetra tilstanden i naturen og bevara mangfaldet av artar og naturtypar i Noreg. Det er ikkje lenger nok å verna naturen, me må også restaurera det me har øydelagt, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Direktoratet deler i år ut 21,5 millionar kroner til restaurering av natur. Det er meir enn det dobbelte av i fjor. Det kom inn 78 søknader. Halvparten var frå kommunar og fylkeskommunar, resten frå privatpersonar og organisasjonar. Totalt vart det søkt om 38 millionar kroner.

I år blir det mellom anna gitt støtte til opning av bekker, restaurering av flaumlettar og restaurering av open grunnlendt kalkmark. Det er og gitt midlar til å restaurera myr i Finnmark og på Vestlandet, til å fjerna framande treslag og til å rydda beite- og slåttemark før vidare skjøtsel.

(©NPK)